| Nyheter |
|
|
|
I Jordbruksoppgjøret 2008 vart avtalepartene einige om å innføre høve til kvoteleige. Regelverket for kvoteleige er forskriftsfesta i forskrift 07.01.2003 nr. 14 om kvoteordningen for melk. Kort om regelverket Det er kun eigar av landbrukseigedom med kvote som kan leige ut kvote. Dersom eigedomen er forpakta bort må forpaktaren samtykke i leigeforholdet. Kvote kan berre leigast ut til eigarar av landbrukseigedomar som har kvote frå før av.
I § 15 første ledd nr. 5 kjem det uttrykkelig fram at so lenge eigar av ein landbrukseigedom er i eit leigeforhold i medhald av § 10 er han avskåren frå å selge kvoten, uavhengig av om han er utleigar eller leigetakar. Korleis søkjer ein? For at leigeforholdet skal få verknad frå påfølgjande kvoteår må søknad om leige vere sendt innan 1.oktober for kumjølkkvote. Kvoten leigast ut dersom det har vore to år med samanhengande leveranse innanfor kvote, jf. § 4, frå landbrukseigedomen i løpet av dei tre siste åra. Det kan søkast elektronisk via Altinn (tilrådd). |
| Sist oppdatert onsdag 10. februar 2010 11:23 |








